Figuren syner at prisane på gjødsel gjekk ned i sommar, noko som har vore vanleg også tidlegare. Søylene i diagrammet syner pris pr. kg nitrogen. Dette fortel kor mykje gjødsla kostar å bruke. Prisskilnaden mellom dei ulike typane er om lag som før.

Framover må vi fokusere på gjødseltypar som gjev lite fosfor. OPTI-NS blir mykje brukt. 22-2-12 bør prioriterast framfor 22-3-10. Vi håpar at 22-0-12 blir lettare å få tak i for dei som treng ekstra med kalium, men som ikkje har rom for meir fosfor. Vi har i det siste høyrt rykte om at ein ny, nitrogenrik gjødsel utan fosfor, men med litt kalium, blir tilgjengeleg framover. Dette kjem vi sjølvsagt tilbake til.

Diagram gjodselprisar