Frå 2026 er det gjort endringar i RMP-ordninga for stripe -og slangespreiing av husdyrgjødsel, arealgrensa for nedfelling/nedlegging er fjerna og satsane er endra.
- Tilskot ved bruk av tilførselsslange: 280 kr pr dekar, max tilskot for 100 dekar.
- Tilskot ved nedfelling/nedlegging: 30 kr pr dekar, ingen arealgrense.
Det kan søkjast tilskot til nedlegging/nedfelling av husdyrgjødsel (og biorest) på fulldyrka og overflatedyrka areal. Gjødsla må vere spreidd innan 10. august (merk unntak i år), og all husdyrgjødsel som blir tilført arealet i løpet av vekstsesongen må spreiast etter same metode.
Nedfelling/nedlegging kan brukast i kombinasjon med gyllevogn eller tilførselsslange. Om ein brukar tilførselsslange lyt ein i tillegg søkje på tilskot på anten nedlegging eller nedfelling. Ved bruk av gyllevogn og utan tilførselsslange søkjer ein berre på tilskot for nedfelling/nedlegging.
Merk endring!
Dei krevjande vêrforholda i år har skapt utfordringar for mange bønder, mellom anna knytt til gjødsling. Dersom du har brukt nedlegging eller nedfelling med tilførselslange ein eller fleire gonger før fristen 10. august, kan du likevel søkje regionalt miljøtilskot. Dette gjeld også dersom du gjødslar det same arealet med anna utstyr etter 10. august.
RMP-midlar ved nedlegging, nedfelling og tilførselslange | Statsforvaltaren i Vestland



