I årets forsøk vart det gjennomført sortsprøving i Randaberg, Etne og Skjold, der totalt 12 sortar vart testa. Trond Vistnes stod for såinga, medan feltvertene tok seg av vidare dyrking. NLR utførte hausting og registrering, medan FKRA leverte frøa og finansierte analysane. Feltvertar i år var Johannes Silde, Trond Vistnes og Lars Henry Dagsland.
Store skilnader mellom lokasjonane
Avlingane varierte betydeleg mellom stadene. I Etne vart det registrert dei høgaste avlingane, sjølv om året ikkje var rekordgodt. Randaberg låg derimot under gjennomsnittet for tidlegare år.

- Randaberg: Høgaste avling vart målt på sortane Sunset (1089 kg ts/daa) og Saxon (1073 kg ts/daa).
- Etne: Saxon (1681 kg ts/daa) og Foxtrot (1591 kg ts/daa) toppa lista.
- Skjold: Saxon leverte best med 1423 kg ts/daa.
Saxon utmerkte seg som ein stabil sort med høge avlingar på alle lokasjonane, medan Foxtrot gjorde det sterkt i Etne, men presterte svakare på Randaberg. Referansesorten Ambition leverte gode resultat på avling, men var ikkje blant dei beste.
Kvalitetsvurderingar
Stivelsesinnhaldet varierte også mykje. Ambition hadde høgast stivelsesinnhald i Etne (13 %) og Skjold (7 %), men skuffa på Randaberg med berre 3 %. Foxtrot og LZM 173/88 utmerkte seg med høgt innhald av fordøyeleg organisk stoff, i Etne (77 %), noko som kan gi god fôrutnytting.
Vegen vidare
Årets forsøk viser tydeleg at klima og lokasjon spelar ei avgjerande rolle for maisavlingane på Sørvestlandet. Trass i ein lang vekstsesong, er det ofte for få soldagar og for låge temperaturar til at maisen blir fullmoden.
For produsentar som ønskjer høgast mogleg avling, framstår Saxon og Foxtrot som sterke val. Når det gjeld stivelsesinnhald, held Ambition fram med å prestere litt betre enn resten. For jamn fôrkvalitet med høgt fordøyeleg organisk stoff er Foxtrot og LZM 173/88 interessante sortar å sjå meir på.
Framover kan det vere aktuelt å teste ut tidlegare sortar som krev kortare veksttid, for å sikre betre modning og høgare stivelsesinnhald, sjølv om dette kan gå på kostnad av avlinga.