Nokon av hovudpunkta i den nye gjødselbruksforskrifta er:

Fosforgrense. Det er sett eit tak for kor mykje fosfor som kan spreiast per dekar jordbruksareal. Grensa er absolutt for garden sett under eitt. Det kan aksepterast mindre avvik mellom skifter på garden. Grensa er 3,5 kg P i 2026, og blir trappa ned til 2,3 kg P frå 2033.

Redusert spreietid. Den nye hovudregelen frå 2027 er at gjødsel berre kan spreiast i perioden frå 1. mars til 1. september (vassdrag som drenerer til Oslofjorden) eller 15. september (resten av landet). Du må hauste eller etablere plantevekst etter siste spreiing

Gjødseljournal. Frå og med 2026 skal alle ha ein journal som viser kor og når er det gjødsla, type gjødsel og mengde fosfor og nitrogen pr. areal, og mengde total-nitrogen og total-fosfor som er tilført på garden.

Innmarksbeiter må godkjennast av landbrukskontoret for spreiing av husdyrgjødsel allereie nå, og for spreiing av mineralgjødsel frå 2028.

Kva blir dei største utfordringane?

NLR sine rådgivarar har vore rundt på mange informasjonsmøte for bønder, og vi har snakka med mange landbrukskontor. Her er noko av det som opplevast som utfordrande:

Dei fleste har nok areal på garden, men det er krevjande å skulle transportere husdyrgjødsel til alle skifte. Mange vil trenge betre utstyr for tallehandtering for å kunne spreie meir talle på eng. Har ein halvfast sauegjødsel, må mange pløye meir eller endre gjødselhandteringa.

Siste spreiefrist 1. (ev. 15.) september blir opplevd som vanskeleg mange plassar. Det er ein kort og hektisk vekstsesong. Det blir ikkje tid til å disponere all gjødsla på fornuftig måte innan denne datoen. 2. slått blir ofte tatt rundt 1. september eller seinare, og det er berre på våren og etter 1. slått det blir mogleg å spreie gjødsel.

Gjødsellager for 8 mnd. blir for lite med så tidleg frist. Det blir m.a. auka behov for å byggje satelittlager, slik at gjødsla kan liggje klar der den skal brukast.

Lokal forskrift for høgareliggjande område

Nedpløying seinhaustes for ein mindre del av gjødsla på garden, er ein veletablert praksis på mange gardar der det er stabilt vinterver. Statsforvaltar har i det nye regelverket høve til å setje seinare spreiefrist for organisk gjødsel med nedmolding fram til 1. november i ei lokal forskrift. Vi veit det er fleire statsforvaltarar som har starta med å sjå på dette.

Dette er berre aktuelt for område med kort vekstsesong og sein vår, dvs. vekstforhold som liknar på dei som er i Troms og Finnmark, som allereie har ein slik spesialregel. Det bør også vere stabile vintrar utan tineperiodar og liten fare for erosjon. Andre argument kan vere at arealbruken er dominert av mykje fleirårig eng, at det er spreidde skifte og lange køyreavstandar, og at det er reine vassdrag. Det er eit vilkår at det ikkje fører til fare for avrenning til Oslofjorden.

Vi veit ikkje kor store- og kva for område som kan bli omfatta av slike lokale forskrifter enno, men reglane bør kome på plass i løpet av året, i forkant av at innskjerpa spreiefristar trer i kraft.

260218 Bilde kompostering 1
Kompostering av talle. Foto: Mari Hage Landsverk