Blei du stressa no? Ikkje fortvil!
– Har du gjødslingsplan frå Norsk Landbruksrådgiving er allereie halve jobben med journalføring gjort, seier Åsmund Langeland. Han er nasjonal fagressurs for gjødsling.
Oppkjøringa til denne vekstsesongen har for Langeland sin del vore prega av mykje spørsmål kring dei nye krava til journalføring.
– Det nye regelverket aukar fokus på korleis vi faktisk har brukt gjødsla. Det vert minst like viktig å dokumentere bruk og omsetting av gjødselvarer som den tradisjonelle gjødslingsplanen, forklarar han.

Fortsatt krav om gjødslingsplan
Det er fortsatt eit krav til å ha ein gjødslingsplan.
– Innføring av ei øvre grense for kor mykje fosfor som kan nyttast på ein driftseining, og innafor eit gitt areal, medførar større behov for berekning av korrekt spreieareal for husdyrgjødsel, og å planlegge innkjøp og bortskaffing av gjødsel, seier Langeland.
Han forklarar vidare at gjødslingsplanen gjennom sesongen heile tida gjerds opp mot kor mykje fosfor som er tidleg.
– Ein særs viktig ting å hugse, er at gjødsling på våren må tilpassas planlagt gjødsling på hausten fordi mengda fosfor per år skal fylgje kalenderåret. Om du planlegg gjødsling til haustsådde vekster, eller er nød til å molde ned husdyrgjødsel på hausten, kan dette kun gjerast innanfor den tilatne fosforkvota, seier rådgjevaren.
Nytt krav om gjødseljournal
For gardsbruk der ein mottar meir enn 75 kg fosfor, gjeld krav om at alle gjødselvarar som kjem inn på garden skal journalførast. Dette kan vere mottak av mineralgjødsel, biorest, ved utlån av spredeareal for ein nabo eller videreformidling av gjødselvarar.
– Journalen skal innehalde opplysninger om mengde og type, berekning av mengde fosfor, dato for mottak og kor gjødsla kjem frå, seier Langeland.
Slik løyser du krav om journal
Åsmund Langeland seier at det ikkje er noko krav om korleis journalen skal førast. Men han oppmodar alle om å nytte eit elektronisk hjelpemiddel, som forenklar jobben med føring av journalen.
– Journalen tar utgangspunkt i gjødslingsplanen. Med ein god gjødslingsplan er du langt på veg komen med journalen og, seier han, og fortel vidare at det då berre er å skrive ned eller kvittere ut dei gjødslingane du gjer etter planen. Gjer du endringar, er det og fort gjort.
NLR har laga elektroniske hjelpemiddel i form av eit regneark som kan nyttast som mal for gjødseljournal.
– Vårt verktøy for gjødslingsplanlegging er Skifteplan. Om du nyttar Skifteplan mobil får du tilgang til alle planlagte tiltak og god oversikt over planlagte gjødslingar. Med nokre enkle klikk kan du stadfeste at du har fulgt planen eller gjere endringar på mengde og type direkte i appen, seier Åsmund Langeland.



