Det var tre forsøksledd. I det eine vart det sprøyta på blada, i det andre på blad og biller og i det tredje var ubehandla. Det var to gjentak med ti biller i kvart ledd. Blad og biller vart lagt i 2 liters plastboksar med fiberduk over. Tal levende og døde biller vart registrert ein gong for dag i tre dagar etter behandling.

Dette enkle forsøket viser at desse midla verkar mot jordbærsnutebille. Effekten var 100% ved sprøyting på blad og biller, og nær 100% ved sprøyting berre på blad. Same forsøk vart gjennomført av NLR Innlandet og med nesten identisk resultat.
Slike sprøyteforsøk under kontrollerte forhold er ikkje det same som sprøyting på friland. Det er tydleg at midla har god verknad mot jordbærsnutebille, men det er samtidig mykje som tydar på at dei har liten verknad på friland.


Kva er så årsak til at ein får dårleg verknad på friland? Behandlingsmåte, tidspunkt, dag eller natt, temperatur? I praktisk dyrking kan det vere stor forskjell mellom felt eller mellom dyrkarar. Sjølv om dei fleste gjer dette likt, kan det ha med behandlingstidspunkt å gjere. Dersom vi hadde svar på desse spørsmåla kunne vi kanskje fått betre tiltak mot jordbærsnutebille.

Graf snutebille
Figur 1. Levande biller i prosent etter behandling dag 1 . "Mavrik blad+biller" og "Decis blad+biller" er samanfallande.