Seks bruk geografisk spreidd frå Lofoten til Jæren deltok i Grovfôrkampen 2023. Alle bruka hadde høg grovfôravling på «kamparealet». Fire bruk har mjølkeproduksjon til dels i kombinasjon med ammekyr. To bruk har kjøtproduksjon på ammekyr som hovudproduksjon. Frå Vestland deltok Leif Lirhus frå Voss. Han har mjølke- og ammekuproduksjon og areal med hundegrasdominans som tevlingsareal.

Leif
Leif Lirhus deltok frå Vestland. Her avbilda i ei anna eng enn "kamparealet".

Høge avlingar i Grovfôrkampen

Gjennomsnittsavlinga for deltakarane i Grovfôrkampen 2023 var 1214 FEm/daa. Tilsvarande tal for landet er 445 FEm/daa. Deltakarane hadde ulike grasartar på arealet som var med i konkurransen. Vinnaren deltok med ei eng sådd med strandsvingel-/raigrasbasert frøblanding med isådd meir raigras. Denne gav 1409 FEm/daa. Dei andre deltakarane hadde raigras, hundegras eller vanleg engfrøblanding med timotei. Dei fleste tok 3 eller 4 slåttar.

2 slatt
2.slått, 28. Juli

Hundegraset betre enn sitt rykte?

Eitt av bruka med ammekyr tok høg avling på hundegras som han hausta fire gonger. Arealet som var med i Grovfôrkampen på Voss vart sådd med Spire Surfôr/beite Vestland med hundegras i 2021. Det vart teke grasprøvar av hundegras på kampteigen og timotei på naboteigen for å sjå på utvikling og næringsinnhald. Tala viser at timotei har litt høgare sukkerinnhald, som forventa. Det er liten skilnad i fordøyelegheit (OMD). Ved hausting av den hundegrasdominerte enga 8. juni var fordøyelegheita 75,5 %, og proteininnhaldet var 184 g/kg tørrstoff. Ved 1. slått hadde ein del hundegras skote, men det var mykje bladmasse som truleg har verka positivt både på fordøyelegheit og proteininnhald. Energiinnhaldet var 0,91 FEm/kg tørrstoff.

Det var tørt ei god stund etter 1. slått og sjølv med stripespreiar vart det husdyrgjødsel på blada. I tillegg var det mykje nedbør utover som gav utfordrande haustetilhøve både ved 2. (28.07.) og 3. slått (07.09.). For å unngå sporar vart det brukt saltbasert ensileringsmiddel. Kan henda at syrebasert ensileringsmiddel hadde gitt litt betre gjæringskvalitet, men sporar i robotfjøs vil fort bli ei utfordring. Innhaldet av protein i 2. slått var 191 g/kg ts og 209 g/kg ts i 3. slått. Fordøyelegheita (OMD) var 72,1 % ved hausting 28. juli. Analyse av grasprøvar viste at 7. juli var fordøyelegheita 77,5 %, men på grunn av mykje nedbør var det ikkje mogleg å hausta før. Energiinnhaldet i 2. slåtten var 0,89 FEm/kg ts. Fordøyelegheit (OMD) var 73,5% i 3. slått og energiinnhaldet var 0,90 FEm/kg ts. Proteininnhaldet i alle slåttane er vel høgt og over det optimale for ku og kan gje utfordringar i fôringa.

3 sl 2
3. slått, 7. september

Hundegras gir stor avling

På Voss vart heile teigen hausta og medrekna i kamparealet. For å rekna ut avlinga vart det lagt til grunn tal ballar per slått, vekt av ballar og fôranalysar. Det vart også teke avlingsregistrering på småruter (3 ruter à ca. 10 m2). Desse rutene vart hausta med tohjuls slåmaskin litt inn på teigen for å unngå kanteffekt. Rutene vart tilfeldig fordelt. Tørrstoffavlinga på smårutene var 1391 kg /daa, som er noko høgare enn det ein fann på resten av arealet. På grunnlag av tal rundballar og fôranalysar vart tørrstoffavlinga rekna til 1126 kg /daa. Det skuldast truleg at ein unngjekk kanteffekt på smårutene og at bruk av tohjulsslåmaskin gjev ei stubbehøgd på berre nokre få cm, medan stubbehøgda var 10-12 cm på arealet omkring. Leif er ein av dei som vil ha hundegras. Etter hans erfaring gjev det god avling. Difor tilset han hundegrasfrø til Spire Surfôr/beite Vestland (som no er utan hundegras) ved såing. Dersom ein reknar avlinga i fôreiningar og tek omsyn til at det vert ein kanteffekt, gav tre slåttar på hundegrasdominert eng 1166 FEm/daa.

Viss ein ønskjer høg avling og har forhold for 3 slåttar bør hundegras vurderast. Det har jamt over betre overvintringsevne enn raigras og strandsvingel og som tala frå Grovfôrkampen 2023 viser, kan hundegras også gje god fôrkvalitet.

Tabell
Tabell: Analyse frå grasprøveuttak før slått hjå Leif Lirhus 2023.