Kursa skal gå over eitt år og følgje syklusen i arbeidet på garden. Det blir lagt opp til erfaringsutveksling med markvandringar og fjøsbesøk. Elles blir temaene for samlingane:

  • Ny fjellbonde
  • Planar for utvikling av garden, og for komande vekstsesong
  • Gardsbesøk med markvandring i eng og andre vekstar
  • Deltaking på den lokale seterfagdagen
  • Avlingsregistrering og fôrplanlegging for dyra på garden

Kursa blir gjennomført i eit samarbeid mellom Nasjonalt senter for fjellandbruk og lokale rådgivarar i Norsk Landbruksrådgiving. Vi vil leige inn dyktige foredragshaldarar til dei ulike samlingane. Nærmare program og påmelding blir sendt ut i januar.