Vedlikehald av drenssystem

05.04.2019 (Oppdatert: 05.04.2019) Eivind Bergseth

Ved årleg inspeksjon og utbetring av skadar av drenssystemet på garden, vil ein ha ei velfungerande drenering. Dette gir låge årlege kostnader og ein slepp store investeringar som følgje av årelang utsetting av vedlikehaldsarbeid.

Vedlikehald av drenssystem er forsømt på to områder. Utløp og avskjæringsgrøfter. Illustrasjonsfoto: Morten Berntsen

Når vi kjem ut i praktiske dreneringsproblem, er det særleg to område som har vorte forsømt: 

  1. Utløp frå samlegrøfter eller kanalar har grodd att slik at vatnet blir oppdemt og kjem ikkje vidare.
  2. Avskjæringsgrøfter har ikkje vore vedlikehalde og har rasa saman slik at overflatevatnet som skulle fangast opp kan renne over og ut på jordet nedanfor.

Når det gjeld drensgrøfter som ikkje fungerer lengre, har det oftast årsak i grunne grøfter som har vorte øydelagt pga. kjøreskadar etter tunge maskinar eller at dei har tetna pga. utfelling av slam eller rust etter mage års drift eller tetting av planterøter som har trengt inn gjennom slissane særleg ved utløpet til open kanal.

 

Utlaup og åpne samlegrøfter

Opne grøfter tetnar att av fleire årsaker. 

  1. Sidene og botnen gror til med vegetasjon av gras, urter og tennung (or, bjørk, selje etc.).
  2. Sidene raser ned eller blir trakka ned av dyr og massane legg seg i botnen og demmer opp.
  3. Sediment som er med drensvatnet legg seg på botnen så grøfta blir grunnare. Når det er lite fall vil vassnivået fort nå opp i utløpet frå drensgrøftene og vi får sedimentasjon også innover i den lukka grøfta så den tetnar fortare også. 

 

Bilde 1: Oppreinska utløp. Senka cirka 1 m. FOTO: Eivind Bergseth

Vedlikehald av avskjæringsgrøfter

Reparasjon er ofte todelt når det gjeld avskjæringsgrøfter som har lege urørt i mange år. Først må som regel busk og kratt og ofte trær fjernast, før ein kjem til med gravearbeidet. Har grøfta lege urørt i mange år er vegetasjonen så grov at det må fjernast med motorsag eller med saks på gravemaskin. Når gravinga startar, bør slike grøfter oftast gravast ned på ei djupne på 1,0 – 1,5 m og botnbreidda bør også vere minst 1 m. Dette for at det skal vere plass til noe sigemasse frå sidene før det begynner å demme opp for vatnet i botnen. Sideveggene i slike avskjæringsgrøfter bør ha stigning på 1:1 eller slakare. Dette er avhengig av jordtype og vassmengde i jorda.

Hvis grøfta er grunn frå før, vil slik oppreinsking føre til mykje masse. For å unngå kostnad med å frakte bort grøftemassa, kan den leggast på nersida av grøfta og planere ut veg som er brei nok til at ein ved seinare vedlikehald kan belte seg bortover denne med gravemaskin. Viss ein gjer dette vedlikehaldet med berre nokre få års mellomrom, er dette fort gjort med dyktig sjåfør på gravemaskin med pusskuffe. Viss ein er svært utsatt for oppvekst av tennung, vil viktig vedlikehald for å halde nede dette, vere å bruke krattknusar. Da må denne vere utstyrt slik at den kan tiltast ned i sida på grøfta.

Viss det går beitedyr på området, bør slike grøfter gjerdast inn så ikkje dyra kan kome til og trakke ned sidene.

 

Vedlikehald av opne samlegrøfter og kanalar

Samlegrøfter og opne kanalar bør gravast ned til ei djupna på minst 1,5 m og også her bør botnbreidda vere minst 1,0 m av same årsak som nemnt ovanfor. Vi ønsker å ha drypphøgde på 15-20 cm frå utløpet på drensrøret og ned til vassnivået i den opne grøfta for at ikkje sediment skal stuke seg opp inne i drensrøret fordi dette er dukka under vatn. Dette er problem særleg på areal med lite fall.

Bilde 2: Nyreinska kanal. FOTO: Eivind Bergseth

På areal med lite fall vil det vere viktig å passe på at det er fall frå arealet og ut i den opne kanalen. Dette gjeld særleg på jord med liten sjølvdrenering som silt og tette leirjorder.

På slike jord vil det å få overflatevatn raskt vekk bety mye for rask opptørking.

Forbetring av dreneringa på slikt areal vil kunne vere profilering.

På jorder med lite fall er det ofte eit problem at ved jordarbeiding blir det ein kant ut mot opne grøfter og kanalar som demmer opp for overflatevatnet. Denne må punkterast, men det kan gjerne gjerast med ein spade.

Bilde 3: Oppdemming av vatn mot kanal. FOTO: Eivind Bergseth. 

 

Vedlikehald av drensgrøfter

Viktigaste og billigaste vedlikehaldet av drensgrøfter er å spyle før systemet går tett.

Av grøftespylar-utstyr finst det fleire typar og storleikar.

Bilde 4: Liten grøftespylar. FOTO: Eivind Bergseth. 

Same kva type spylar som blir nytta er det viktig at ein har god tilgang på reint vatn. Ein ser på bileta av alle spylarar at dei har sugeslange med sil. Det er altså kalkulert med at ein kan nytte vatnet i kanalen som ein spylar mot. Viss dette vatnet er fullt av slam og slim, bør det ikkje nyttast, da det vil føre til at pumpe og ventilar og tettar til. Under slike forhold bør ein ha med reint vatn i tank.

Når det er mye sediment i drensrøret, må ein dra spyleslangen fram og til bake fleire gonger for å vere sikker på å ha fått med alt slammet. Spylinga reinskar ikkje berre røret, men opnar også opp at slissane.

På spylaren sit det telleverk som viser kor langt slangen når inn i drensrøret. Dette er nyttig kunnskap når drensrøret har tetna. Da kan ein notere seg denne avstanden og etterpå måle seg ut i terrenget kor ein må grave seg ned for å finne det tette punktet.

Drensrøra er lettast å spyle når det er glatt innvendig.

På jordartar der det er mye finstoff i drensvatnet etter grøfting, rår vi til at ein spylar systemet alt etter 2-3 år. Ein har mest slik transport første tida etter dreneringa.

 

Bilde 5: Tilhenger med vasstank. FOTO: Eivind Bergseth

 

Bilde 6: Bildet viser slam som kjem ut ved spyling. FOTO: Eivind Bergseth. 

Bilde 7: Bilete av proffspylar. FOTO: Ukjent

Vedlikehald av tette drensgrøfter

Det kan vere mange årsaker til at drensrør tetnar. Oftast er årsaka at de gamle grøftene er for grunne og at de blir klemt saman av tungemaskinar. Da kan tegelrør bli knust, drensrør og slangar blir flattrykte eller steinsatte grøfter får skipla steinsettinga slik at vatnet ikkje kjem fram osv.

Tetting kan også ha årsak i rustutfelling eller sedimentering av slam.

Kjøring med tunge maskinar på blaut jord kan også føre til at vassårer nede i jordprofilet blir klemt saman og resultatet bli blauthol med oppkomme av vatn.

Når ei drensgrøft tetnar, vil som regel dette føre til oppslag av vatn som blir årsak til blauthol.

For å få reparert dette må ein grave seg ned i drensgrøfta og finne årsaka til tettinga. Viss årsaka er knust tegelrør eller flatklemt plastrør, kan skaden rettast opp med å skifte ut den skadde rørbiten med nytt rør. Det er viktig å nytte gode skjøtedelar så ikkje delane glir frå kvarandre att. Hugs å legge på godt med filtermaterial rundt den utskifta rørdelen.

Har ein mistanke om at det er store sjansar for at fleire stader på ei slik grøft vil tetne etter kvart, bør ein vurdere å grave ny heile drensgrøfta. Viss det er mogeleg, bør ny grøft leggast parallelt med den gamle og ikkje krysse denne fordi kryssing som regel fører til risiko for nytt oppslag, viss ein ikkje gjer dette rett.

Viss ein må krysse gamal grøft er det viktig å kople gamal og ny rør saman viss det går. Kan ein bruke greinrør, er ein sikra å få vatnet frå den avskorne grøfta inn i den nye. 

Ved kryssing av knuste tegelrør eller steisatte grøfter, er det ofte vanskeleg å få kople dette saman med nytt rør. Da kan løysinga vere å legge eit lag med pukk utanpå filteret på det nye røret over ein strekning på 2-3 m avhengig av kor mykje vatn som kjem. Da får vatnet eit større oppsamlingsvolum og vil rekke å trenge inn i det nye via slissene. Legg ein det nye røret gjennom kryssinga utan slik tilpassing er sjansane for oppslag av vatn store. 

Viss heile drenssystemet på eit jorde er i dårleg forfatning, må ein grøfte på nytt. Er ein kjent med korleis dei gamle grøftene går, vil ein forenkle arbeidet viss det går å legge det nye systemet parallelt og mellom de gamle. Dette gjeld særleg ved omgrøfting av areal som er grøfta systematisk. Da unngår ein alt ekstra arbeid med samankopling ved kryssingane.

Tetting av planterøt finn ein oftast ved utløp til open kanal der det er nytta drensrør med slissar heilt ut. I kanalsidene gror det fort til og planterøt vil her finne vegen inn gjennom slissane og det dannest ofte eit nøste av røt som kan tette røret heilt. Under slike vilkår bør dette røret skiftast ut med tett uslissa rør. Sjølv om ein spylar dette røret opent att, vil det fort gro med røt og ein får same problemet på nytt.

Omgrøfting på areal med slik jordtype at det kan nyttast kjedgraver, grøfteplog eller Raadalshjul, blir ei ekstra utfordring viss kryssing må gjerast, for da vil ein ikkje sjå kvar ein kryssar før etter at arbeidet er gjort og ein får oppslag. Da må ein grave seg ned på kryssinga med skuffegravar og kople saman etterpå.

 

Oppkommer og blauthol

I hellande terreng vil ein som regel finne vassåra ved å grave i overkant av oppslaget. Kjem det mykje vatn, vil det vere behov for å sette ned kum. Rundt kummen kan ein fylle med pukk eller liknande slik at vatnet kan samle seg her før det renn inni kummen i skjøten mellom kum-ringane eller frå open underside. Slik kum skal ikkje ha botning. Vil ein, går det å senke slik kum under plognivået, men da bør den merkast av på kart med koordinatar så det er lett å finne han att ved behov for ettersyn. 

Kummen bør ha eit volum under uttaket til drensrøret for å samle opp jord og slam som blir med vatnet i vassåra.

På teikninga er det fylt pukk rundt eit betongrør som står på pukk. Merk at dette er kum som skal ta inn vatn frå grunnen rundt.

 

Overflatevatn frå søkker og lange drog i terrenget

Mange stader er det søkkar i terrenget der overflatevatn samlar seg og blir ståande lenge og området blir så blautt at kornet druknar. Dessutan blir det store kjøreskadar og det ubrukelege arealet blir større for kvart år. Desse areala har oftast vore grøfta før, men dette fungerer ikkje lengre. Da må ein gå inn med nytt drensrør og oftast ny kum i den djupaste delen av søkket. Mange stader må drensrør gå gjennom høgare delar av terrenget, slik at for å få fall på vatnet ut frå søkket, blir grøftedjupet stort. Viss arealet er stort og høgdeforskjellen er stor over lengre strekning, kan det vere aktuelt å gå inn med pumpe i kummen.

Oppsamlingskum kan det også vere aktuelt å sette ned for å fange opp rennande overflate vatn i lange drog der ein har erfaring for å få erosjonsskadar. Da er det viktig at kummen er slik plassert og med oppdemming på nersida, slik at vatnet må ned i kummen og ikkje grev seg forbi.

Det er svært viktig at ein nytter fyllmasse rundt kummen som ikkje slepper vatn igjennom. Ved store nedbørsmengder kan da vatnet grave på yttersida av kummen og rørledningen ut, slik at heile anlegget kan bli øydelagt. Som ekstra forsikring kan ein gjerne bruke fiberduk tredd ned på kummen og bretta horisontalt rundt og da med eit jordlag over.

Kummen må ha rist for å hindre grove element som kvist og halm i å bli med vatnet ned i kummen. Dessutan bør det vere slamrum i botnen av kummen.

 

Graveutstyr for reparasjon og vedlikehald

Jordarten har alt å seie for kva som er mest egna utsyr for reparasjonar. På steinfrie jorder der det er aktuelt med mye grøfting, vil det være aktuelt å nytte Raadahlshjul, kjedgraver eller grøfteplog. 

Grøfting med slikt utstyr er effektivt og billig sett i forhold til skuffegraver. Prisen på ferdig grøft er ca. 50 % av same jobb med skuffegraver. 

Det er likevel slik sjøl der ein kan nytte desse mest effektive maskinane at ein må ha med skuffegraver for å kome til med samankopling mellom drensgrøft og samlegrøft, kopling til kummar eller for å grave opp stor stein som stopper kjøringa.

På dei områda i landet der vi har steinrike morener, er det berre skuffegraver som fungerer.

Vi tilrår å bruke profilskuffe med ca. 30 cm botnbreidde til graving av drensgrøft. Smal skuffe gir lite massehandterig og mindre oppgraving av stein enn ved bruk av brei skuffe. Profilskuffa gir dessuten grøfteveggar som står betre enn rettvegga grøftesider. Smal skuffe gjer det enklare å få god plasering av sagflis- eller grusfilter rundt røret.

 

Bilde 8: Bilde viser skuffegraver med profilskuffe. FOTO: Eivind Bergseth. 

Filtermaterial

Beste filtermaterialet vi har er grov sagflis og rett gradert grøftegrus. (Ø 0,4 – 8 mm).

De siste åra det vorte lagt mye drensrør med påsydd filter, særleg på leirjord i Østfold, Vestfold og Akershus. Her er det grøfta mest med Raadalshjul, grøfteplog eller kjedegraver. I Danmark, Tyskland og Nederland har slike rør vore brukt med godt resultat i meir enn 30 år, men her til lands har vi for lite erfaring enda til å seie at filterrør er bra nok. Det er viktig hvis ein vil bruke filterrør at ein tar omsyn til jordtype og rustutfelling ved val av maskestørrelse på filteret. Minst maskevidde (PP 300) ved bruk på siltjord og største ved mye jernutfelling (PP 1000).

Filteret skal sleppe gjennom partiklar mindre enn 0,2 mm og dei skal gå saman med drensvatnet ut i avløpet.

Artikkelen er finansiert med midler fra KornFUTH-prosjektet

 

 



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.